No kan kommunar med ulverevir søkje om midlar

Miljødirektoratet har opna for innsending av søknader om stønad til kommunar med ulverevir. Søknadsfrist er 1. oktober.

Regjeringa lanserte 6. juli 2017 ei ny stønadordning til kommunar med ulverevir. I 2017 er det sett av 20 millionar kroner til næringsutvikling, tenestetilbod og andre tiltak. Sjå pressemelding frå Klima- og miljødepartementet.

Formålet er å bidra til konfliktdemping i kommunar som har ein fast bestand av ulv. Ordninga gjeld for kommunar i Hedmark, Akershus og Østfold som har eitt eller fleire ulverevir. Pengane vil bli fordelte likt mellom kommunane basert på Rovdatas informasjon om revir i endeleg bestandsrapport som blir presentert 1. juni kvart år.

Tilskotsregelverket trødde i kraft 1. juli 2017.

Aktuelle kommunar kan no sende inn søknader via Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter.

Gå til elektronisk søknadssenter.

Søknadsfrist er sett til 1. oktober 2017, og tildeling vil skje kort tid etter dette.

Relaterte lenker

Kontakt

seniorrådgiver Susanne Hanssen, viltseksjonen
telefon 907 42 738

Tjenester og verktøy

Tema