Fellinga av villrein i rute
Fellingslaga i Nordfjella sone 1 har vore effektive på dagar med bra vêr. 531 villrein er felt på dei seks fyrste vekene av oppdraget. Foto: Statens naturoppsyn

Fellinga av villrein i rute

Den statlege fellinga av villrein i Nordfjella sone 1 går etter planen. På dei fyrste seks vekene er det teke ut 531 av de anslagsvis 1 500 dyra som var att etter jakta i haust. 

Saneringsplanen

Landbruks- og Matdepartementet har avgjort å følgje dei faglege råda om uttak av villreinstamma i Nordfjella sone 1 etter at skrantesjuke er påvist.

Skrantesjuke, Chronic Wasting Disease (CWD), er ein smittsam prionsykdom som rammar hjortedyr. Sjukdomen er dødeleg og vil ikkje forsvinne av seg sjølv.

Totalt 2 100 villrein i Nordfjella skal takast ut. Nesten 600 av desse blei felt under villreinjakta i haust. Målet er å avgrense og om mogeleg utrydde skrantesjuke hos villrein i Noreg.

Delmålet er å fjerne all villrein i sone 1 i Nordfjella og etablere ei frisk og stadbunden stamme på nytt. Uttaket skal skje gjennom jakt, statleg felling og inndriving og avliving.

Miljødirektoratet, ved Statens naturoppsyn, skal leie det praktiske arbeidet med å gjennomføre vedtaket om statleg felling og om mogeleg inndriving og avliving av dei resterande dyra i Nordfjella sone 1.

– Vi er svært godt fornøgd med framdrifta. Den er i overkant av kva vi hadde håpt og trudd på i denne perioden, med lite dagslys og krevjande vêr- og føreforhold, seier direktør Pål Prestrud i Statens naturoppsyn (SNO).

SNO er feltpersonellet til Miljødirektoratet. Dei leier det praktiske arbeidet med å gjennomføre vedtaket om statleg felling i Nordfjella sone 1. Tre fellingslag, kvart på 10 personar, går i turnus for å felle dei attverande dyra i dette villreinområdet. Målet med aksjonen er å utrydde skrantesjuke hos villrein i Noreg.

Tek julefri

Frå 18. desember tek fellingslaga fri til over nyttår. Det betyr også at villreinen får vere i fred i to veker gjennom jula.

Logg for statlig uttak av villrein i Nordfjella vert oppdatert dagleg på Hjorteviltportalen. Den viser at fellingslaga har vore effektive på dagar med bra vêr, men at vêrforholda som venta har vore ustabile. Logistikken har fungert, både med felling, mottak og prøvetaking av dyra.

– Logistikken er blitt stadig betre, etter kvart som vi har skaffa oss meir erfaring. Heldigvis blei det føre for snøskuterane relativt tidleg, og vi har også hatt fleire dagar der vêret har vore godt nok til å fly med helikopter. Vêr- og føreforhold betyr mykje for effektiviteten, seier Prestrud.

Køyretøy berre til frakt

Snøskuter og helikopter blir nytta til å frakte personell og felt rein, og til å lokalisere dyr som skal felles. Sjølve fellingane skjer ved at mannskapet smyg seg innpå dyra, utan bruk av motoriserte køyretøy.

Nokre har uttrykt uro for korleis aktiviteten med felling ville påverke villreinen i Nordfjella. Så langt verkar dyra å vere i bra form, noko som blir bekrefta gjennom Mattilsynets tilsynsrapportar.

– Flokkane sin reaksjon på aktiviteten varierer sjølvsagt mykje, men jamt over virke dyra mindre sky enn kva vi hadde forventa. I mange situasjonar flyktar dyra over korte avstandar, før dei roar seg og beitar vidare etter ein fellingssituasjon, seier Prestrud.

Felte 64 på ein dag

Av dei 42 dagane fellingslaga har hatt til disposisjon sidan arbeidet starta 7. november, har det vore mogeleg å gjere fellingsforsøk i 28 dagar. På det meste er det felt 64 dyr på ein dag. Når det gjeld skrantesjuke, var det per 17. desember stadfesta 10 positive tilfelle i Nordfjella sidan sjukdomen blei påvist for et og et halvt år sidan. I tillegg er det nå mistanke om to tilfelle til.

SNO har oppsyn med situasjonen langs fylkesveg 50, blant anna ved hjelp av helikopter når det er mistanke om at dyr kan stå nært vegen. No er det sett opp brøytestikker, med band mellom stikkene, på strekninga frå Sundhellerskarvet til Vestaforbotn. Formålet er å hindre rein i å krysse vegen, som skil sone 1 og 2 i Nordfjella, så dyr frå dei to sonene ikkje blandar seg med kvarandre. Erfaring tilseier at denne typen hindringar har tilstrekkeleg avskrekkande effekt.

Relaterte lenker

Kontakt

seksjonsleiar Kjartan Knutsen
seksjon for naturtilstand fauna i Statens naturoppsyn
telefon: 958 20 521

operativ leiar Petter Braaten
seksjon for naturtilstand fauna i Statens naturoppsyn
telefon: 924 07 771

Tema