Miljødirektoratet jobbar med både interasjonalt regeverk og særnorske føresegner for kjemikal. Foto: John Petter Reinertsen

Kjemikalieregelverk

Miljødirektoratet har forvaltningsansvaret for fleire regelverk for kjemikal. Noreg er forplikta gjennom EØS-avtalen til å gjennomføre EU sitt regelverk for kjemikal, men har også særnorske føresegner på kjemikalområdet. Produktkontrollova er det overbyggjande regelverket og gjennomfører det europeiske direktivet for produktsikkerheit i tillegg til den særnorske substitusjonsplikta. Under lova finn vi fleire forskrifter som regulerer kjemikal. Produktforskrifta er ei samleforskrift og gjennomfører fleire regelverk, både EU-regelverk og særnorske reguleringar. EU-regelverk er også gjennomførte i REACH-forskrifta, CLP-forskrifta, biocidforskrifta og leiketyforskrifta.

Relaterte lenker